Velkomen til Odda O-lag si heimeside

Startlister KM Langdistanse

Startlistene til Odda 2-dagars, KM langdistanse er no lagt ut. Du finn dei her (03.09.10 - 23.10)


Oddaranking i Løyningsdalen

Svein Olav Nesheim vann Oddrankingløpet i Løyningsdalen 25 sekund foran Eivind Tokheim, og sikra seg samtidig samanlagtseieren i Oddaranking. Daniel Kambestad fekk ein sterk 3.plass vel 4 minutt bak Svein Olav. I dameklassen skilde det kanpt eit minutt mellom Sara Tokheim og Stine Bjørkevoll, der begge jentene hadde ein del bommar undervegs. I Oddarankingen leier Sara foran Stine i samandraget, men endeleg resultat blir først avgjort i siste løp. 27 løparar stilte opp i dette løpet. Det var vått og tungt i myrane etter regnet i det siste. Resultat finn du her. (25.08.10)

Odda 2-dagars 2010

Innbyding og link til påmelding er no lagt ut, du finn dette under fana Odda 2-dagars. (05.08.10)

Oddaranking etter 4 løp

Resultata i Oddarankinge etter 4 løp finn du no på linken til Oddaranking. I dameklassen leier Sara klart, men Stine med berre 3 løp er ein klar utfordrar til samanlagtseieren. Det er berre desse 2 som ka vinna samanlagt. I herreklassen er Svein Olav i suveren leiing, men Eivind med berre 2 løp har fortsatt teoretisk sjanse til å ta han att. Robert har alt vunne H13-14 med full pott. I D15kort er det hard kamp mellom Kjersti A og Jorunn Irene, i H15 kort vil Per Magne Eikeland vinne samanlagt. 

Nytt medlem i Odda O-lag

Åshild Oma og Arve Løyning fekk ein gut torsdag kveld 17.juni. Vi gratulerer dei to og storesøster Rannveig, og håper at Rannveig og veslebroren arvar o-teknikken til mora og kondisen til faren (og ikkje omvendt). (19.06.10).

Stine Bjørkevoll og Svein Buer vann Oddamesterskapet

Det vart seier til Stine Bjørkevoll og Svein Buer i Oddamesterskapet denne veka. Stine var vel 3 minutt foran Sara Tokheim, og desse to ungjentene vart berre slått av to herreløparane. Svein Buer var vel 2 minutt foran Svein Olav Nesheim. Robert Tokheim leverte eit flott løp i H13-14, og vart kun slått av 3 hereløparar. I den korte A.løypa var Per Magne Eikeland klar vinnar. Totalt stilte 35 løparar opp i Oddamesterskapet. Løpet gjekk på Reinsnos, i o-teknisk krevjande terreng. Resultatat finn du  her. (16.06.10).

Klart for Oddamesterskap i orientering

Tirsdag 15. og onsdag 16.juni er det klart for siste trening før sommarferien med Oddamesterskap på Reinsnos. Samlingsplass vert der bekken frå Fisketjørn kryssar vegn, ca 1 km før parkeringsplassen ved Reinsnosvatnet. Vi tar med eingangsgrillar og fyrer opp desse. Ta med mat og drikke og få ei kosleg avslutning av vårtreningane. Tur-orienteringa er lagt ut, og er til sals hos Vine Sport og Joker Skarsmo. Vi vil også legg ut treninsløyper som skal ligge ute i sommar, kjem tilbake med melding når desse er klare.

Mikro-trening i Hildalsdalen

Erling Forstrøm hadde laga flotte løyper til Mikro-treninga i Hildalsdalen. På 8 av posane var det 2-3 valg for å ta den rette posten, og 3-4 klarte alle desse postane. For dei som tok feil post, vart det 2 minutt tillegg i tida. Stine Bjørkevoll var best av jentene og Eivind Tokheim var best av gutane. Resultata finn du her. (12.06.10)

Oddaranking på Korlevoll

Svein Olav Nesheim og Sara Tokheim vann klart då det tredje Oddarankingløpet vart arrangert på Korlevoll denne veka, Svein Olav var vel 5 minutt foran Eivind Tokheim, medan Sara var over 9 minutt foran Stine Bjørkevoll. Det var fine, men lenger løyper enn planlagt denne veka, men Svein Olav med kilometertid på litt over 8 minutt gjennomførte utan bom. I den korte A-løypa var Per Magne Eikeland og Jorunn Irene Tokheim raskast, men også Robert Tokheim hadde eit godt gjennomført løp i H13-14. I nybyrjarløypa var det eigjen bra deltaking, og klart raskast var Kristine Teigen Øyre. Resultat Oddaranking finn du ytlagt på den sida, og resultatet for løpet finn du her. (03.06.10)

Ein-mannsstafett på Seljestad

Det vart ei kald oppleving onsdag då snøen lava ned påslutten av treninga onsdag kveld. Tirsdag var dei heldigare med været. Det var flotte sløyfer som Bjørn Finne hadde laga i det flotte terrenget på Seljestad. Svein Olav Nesheim var best i alle 4 sløyfene, medan Stine Bjørkevoll nok ein gong var beste jente samanlagt. Totalt stilte 40 løparar på treninga denne veka (27.05.10). Resultat finn du her

Pinseløp på Kongsberg

Odda O-lag stiller 16 løparar på pinseløpa i Kongsberg. Lørdagens løp var mellomdistanse, med ein del brukbare resultat av Oddaløparane. Sara Tokheim vart nr 9 i D17-20, knapt 6 minutt bak vinnaren. Stine Bjørkevoll vart nr 17 i d15-16, ca 7,5 minutt bak vinnaren. Robert Tokheim vart nr 27 i H13-14, knapt 14 minutt bak vinnaren. Eks-Odda/Røldal-løpar Gerd Inger (Legård) Brunborg vann D17AK, der Nina Iren Nesheim vart nr 12, 9 minutt bak. Fullstendig resultatliste finn du her (22.05.10)

Trening 18.-19.mai

Treninga denne veka fekk flott vær og bra oppmøte. Totalt stilte 51 løparar på trening. I A-løypa sprang vi på kart der det manglar ein del detaljar, kurvekart med ein del tillegg. Økta var laga av Jørn Woldsdal i samrbeid med Sara som la ut postane. Dette var ei flott løype som gav fine utfordringar til å trena på kurveorientering. Det var mange som sprang både C-løypa og N-løypa denne veka. Neste veke blir det 1-manns-stafett på Seljestad, frammøte ved brushytta.  (19.05.10).


Stine Bjørkevoll med KM-gull og seier i Oddranking

Stine Bjørkevoll vann gullmedalje i KM mellomdistanse søndag i Bergen. Ho var 4 minutt foran nr 2. Ho følgde opp den gode innsatsen med klar seier i det andre Oddarankingløpet denne veka, 5,29 foran Sara Tokheim. Dei to ungjentene vart berre slått av Eivind Tokheim og Svein Olav Nesheim i langløypa. I kortløypa var Per Magne Eikeland raskast , 3 minutt foran vinnar i H13-14, Robert Tokheim. Elisabeth Eitrheim var best av jentene. Totalt stilte 38 deltakarar på Løyning. Arve Løyning hadde lagd krevjande løyper i dei to lengste løypene, som førte til ein del bomming. (13.05.10). Resultat finn du her.

3-kamp på Lontjørn

Det vart arrangert 3-kamp på Lontjørn Skistadion denne veka med 250, 750 og 1500 meter. Samanlagt
blir tidene på 750 og 15oo m gjort om til 250 m-tider. Nina Iren Nesheim var heilt suverne hos jentene,
og hadde i tillegg best tid av alle på 1500 meter. Eivind Tokheim vann samanlagt hos gutane, og var i
tillegg best på dei to kortaste løypene. Totalt stilte 43 løparar til start, derav 22 nybyjarar (05.05.10).
Klikk her for resultat

Treningsløp i Eidesåsen

Det var gledeleg oppsving i deltakinga itreningsløpet i Eidesåen, då det stilte 52 deltakarar til start, der halvparten var nybyrjarar. Per Magne Eikeland og Bernt Jarle Storhaug debuterte som løypeleggar, og kom bra frå debuten med fine løyper i tøft terreng. Det var totalt 240 meter samla stigning i A-løypa. Veteranane dominerte hos herreløparane, medan Stine Bjørkevoll var klart raskast av jentene (28.04.10). Klikk her for resultat


Sprintcup på Eide

Sprintcupen vart avslutta med løp på Eide torsdag kveld. Det vart tett i toppen av lista med Erlend Nesheim 14 sekund foran Svein Olav Nesheim og med Bernt Jarle Storhaug berre 10 sekund etter Svein Olav. Amanda Forstrøm var klart raskast av jentene. Samanlagt i Oddarankinga vart det seier til Robert Tokheim i H13-14, Amanda Forstrøm i D15, Jorunn Irene Tokheim i D15K og Svein Olav Nesheim i H17. Totalt stilte 38 løparar i det siste sprintløpet, der Mauranger stilte ein delegasjon på 12 løparar (derav 6 debutantar) (22.04.10). Klikk her for resultat

Sprintcup i Eidesdalen

Andre løp i sprintcupen vart arrangert i Eidesdalen tirsdag ettermiddag. Svein Olav Nesheim var igjen den raskaste foran sonen Erlend. Bernt Jarle Storhaug var 7 sekund bar Erlend, og på 4.plass totalt var Nina Iren Nesheim som beste dameløpar. I samandraget er Svein Olav i suverne leiing over 6,5 minutt foran Jostein Rønhovde. Amanda Forstrøm er besdte jente i samandraget, og er totalt nest best av alle etter 2 løp. Nina Iren Nesheim er over 3 minutt bak Amanda etter 2 løp. Totalt stilte det berre 24 løparar torsdag (20.04.10). Klikk her for resultat


Sprintcup i Hovden

Første løp i sprintcupen vart arrangert i Hovden torsdag ettermiddag. Svein Olav Nesheim har tatt teten i samandraget 35 sekund føre Svein Buer etter 3 korte løyper på ca 400 meter. Det var berre desse to som slo beste dameløpar Amanda Forstrøm, som var 1 minutt og 39 sekund betre samanlagt enn Stine Bjørkevoll. Totalt stilte 35 løparar opp i det første treningsløpet for sesongen (15.04.10). Klikk her for resultat

Resultat treningsløp Lontjørn veke 38 og Eide veke 39
For komplett resultatliste - se Resultatbørsen

Resultat Oddaranking 6 og samanlagt
(09.09.09)
Se resultatbørs og Oddaranking 2009

Ungdommen revansjerte seg
Ungdomane revansjerte seg etter veteranseirar i Oddamesterskapet. 16 år gamle Daniel Kambestad var raskast samanlagt i ein-manns-stafetten på Korlevoll 9 sekund foran Svein Olav Nesheim og med Bernt Jarle Storhaug på 3.plass 1,07 bak. Hos jentene var 15 år gamle Stine Bjørkevoll raskast med Åshild Oma 1,11 bak. 3 av løparane glømde å¨starte brikka, og fekk ikkje registrert tid. 

I enkeltløypene fordelte 4 løpararar løypeseierane; Eivind Tokheim i A, Sondre Rullestad i B, Svein Olav Nesheim i C og Daniel Kambestad  i D. Løparane hadde regn begge dagar, og det var tunge og våte myrar. 11 nybyrjarar stilte opp, totalt var det 36 med på treninga.

For komplett resultatliste - se Resultatbørsen

Hildegunn Espe og Eivind Tokheim vann Oddamesterskapet

 (26.08.2009)

Image of 675437Det vart seier til Hildegunn Espe og Eivind Tokheim i Oddamesterskapet i orientering. Begge fekk sitt tredje napp i Odda Energi sin vandrepokal, og vann dermed denne til odel og eige.


Amanda Forstrøm vart nr 2 i dameklassen, 3.30 bak Hildegunn, med Kjersti Bjørkevoll på 3.plass og vinnar i D15-16 Stine Bjørkevoll med dagens 4.beste tid i dameløypa. I herreklassen skilde det 6.20 ned til Arve Løyning, med Sondre Rullestad 34 sekund bak. Erlend Nesheim vann H15-16 og Robert Tokheim vann H13-14. 


I C-løypa vann Ragnar Byrkjenes herreklassen foran Per Magne Eikeland, medan Hannah Nesheim var klart raskast av jentene i løypa. Oddamesterskapet samla totalt 56 løparar, og vart arrngert på Seljestad i området mellom Korlevoll og Haugsnut.

For komplett resultatliste - se Resultatbørsen

Resultat og strekktider Odda 2-dagars, se meny til venstre.

Resultat og strekktider NM lagt ut på NM-sida

Startlister Odda 2-dagars er lagt ut, se meny til venstre

Startlister til NM er lagt ut, klikk på NM sida
(27.07.2009)

Innbyding Odda 2-dagars er no lagt ut, se meny til venstre.


Sport 8 på NM/Odda 2-dagars
(22.07.09)
Sport8 vil vera til stades på samlingsplass med sal både lørdag 1.august og søndag 2.august  

Image of 663842  Innbyding til NM Ultra
      Innbydinga til NM Ultralang er klar.
      Klikk på bilete for å opne link til PDF-fil!

      English version/Invitation Ultra Long

Samanlagtresultat Sørlandsgaloppen
(13.07.09) 
Det vart fleire gode samanlagtplasseringar på Oddaløparane i Sørlandsgaloppen. I a-klassane vart det 3.plass til Espen Bjørkevoll i H19-20AL,4.plass til Stine Bjørkevoll i D15 og 6.plass til Sara Tokheim i D17-18AL og Eivind Tokheim i H50. Vidare gjentok Kjersti Bjørkevoll 2.plassen frå i fjor i D45AK, medan Einar Opedal gjekk til topps i H17N. I tillegg hadde Morten Opedal ein dagsseier i H13-16N. Totalt stilte rundt 1.000 deltakarar opp i galoppen, som i år vart arragert i området Tønsberg, Tjøme og Stokke i Vestfold.
For lokale resultatliste - se Resultatbørsen  

Sara Tokheim med god sprint
(08.07.09) 

Sara Tokheim fekk klaff i sprintorienteringa 3.dag i Sørlandsgaloppen, og sprang inn til ein oppmuntrande 6.plass i D7-18 AL, vel 4 minutt bak vinnaren. Espen Bjørkevoll tok ein ny 3.plass i H19-20AL. Generelt gjekk det bra med dei fleste Odda-løparane i sprint-løypene som gjekk ved Melsom i Stokke.
For lokale resultatliste - se Resultatbørsen 

Espen Bjørkevoll nr 3 i Sørlandsgaloppen
(06.07.09)
Espen Bjørkevoll vart nr 3 i H19-20AL i det andre løpet i Sørlandsgaloppen, medan søster Stine Bjørkevoll vart nr 5 i D15. Eivind Tokheim fekk same plassering i H50.
For lokale resultatliste - se Resultatbørsen 

Kjersti Bjørkevoll nr 2 i Sørlandsgaloppen
(05.07.09)
Kjersti Bjørkevoll vart nr 2 i D45K i første løp i Sørlandsgaloppen, og følgde dermed opp den fine innsatsen frå i fjor. Einar Opedal debuterte i o-løypa med eit bra løp i nybyrjarløypa, men var diverre åleine i klassen. Juniorløparane frå Odda sleit i ukjent Vestfoldterreng, men håper på bedre innsats på mellomdistanse og sprint dei to neste dagane.
For lokale resultatliste - se Resultatbørsen

Oddaranking 4 på Løyning
(18.06.09)
17 år gamle Amanda Forstrøm og 15 år gamle Stine Bjørkevoll var i ein klasse for seg i dameklassen då det fjerde Oddarankingløpet vart arrangert på Løyning denne veka.
I herreklassen vart det igjen veteranane Eivind Tokheim og Svein Olav Nesheim som var best, men Sondre Rullestad følgde like bak etter eit godt løp i det fine terrenget på Løyning.
 

Ungdomane tok nesten full pott i kampen mot fedrene i dei interne familikampane denne veka. Det var berre Svein Olav Nesheim av fedrene som klarte å halda ungdomen i huset bak seg, medan Erling Forstrøm vart slått av dottera men slo sonen med eit knapt minutt.
I C-løypa var Per Magne Eikeland igjen den raskaste. Totalt stilte 50 deltakarar i løpet på Løyning.
For komplett resultatliste - se Resultatbørsen

Mikrotrening i Hildalsdalen
(11.06.09)
Amanda og Erling Forstrøm hadde laga til kjempeflotte Mikroløyper i det flotte terrenget rundt Hildasstølen. Espen Bjørkevoll viste gryande NM-form med klart raskast tid og berre 1 feilstempling. Det vart gitt 2 tillegsminutt i tida for kvar feilstempling. Kjersti Bjørkevoll var raskaste jente. Kjetil Rønhovde og Eivind Tokheim var dei to einaste som kom seg gjennom løypa utan feilstempling.

For komplett resultatliste - se Resultatbørsen

Ein-mannstafett Reinsnos
(11.06.09)

I ein-mannstafetten ved Reinsnosvatnet var Svein Olav Nesheim raskast i 3 av løypene, medan Ottar Eide var raskast i den 4.løypa. Samanlagt var Eivind Tokheim raskast. Kjersti Bjørkevoll var raskaste jente i 2 av løypene og samanlagt, medan Elisabeth Eitrheim og Hannah og Nina Nesheim var raskast i kvar si løype. Daniel og Øystein Kambestad hadde laga utfordrande løyper i haugen nord for parkeringsplassen.
For komplett resultatliste - se Resultatbørsen  

Oddaranking på Løyning
(06.06.2009)
Det vart veteranseirar til Hildegunn Espe og Eivind Tokheim i det tredje Oddarankingsløpet som vart arrangert frå Torekoven på Løyning veka før pinse. Hildegunn var 37 sekund før Amanda Forstrøm, medan Svein Olav Nesheim tok sin tredje 2.plass 2.24 bak Eivind. Sondre Rullestad følgde på ein fin 3.plass. I C-løypa var Per Magne Eikeland den raskaste, medan Sigurd Finne var raskast i nybyrjarløype. Det var imponerande deltaking med 50 løparar totalt i det sure og kalde været med både regn og snø.
For komplett resultatliste - se Resultatbørsen 

Åshild Oma vann i Kongsberg 
Åshild Oma gjekk til topps i D17C første dag i pinseløpet i Kongsberg. For dei andre Oddaløparane vart det vekslande resultat. Arve Løyning vart nr 14 i H17AK, medan Amanda Forstrøm vart nr 25 i D17-18. Vidare vart Erlend Nesheim nr 37 i H15-16. Totalt stilte nesten 1200 løparar til start i det flotte sommarværet Pinseaften. For fullstendig resultatliste, se hos arrangøren Kongsberg OL  

3-kamp i Hildalsdalen
(Torsdag 21.05.09)
Oda Gjerde Tyssebotn og Svein Olav Nesheim var dei to beste i 3-kampen i Hildalsdalen denne veka. Oda var 8 sekund foran Hildegunn Espe samanlagt, medan Jostein Rønhovde var 39 sekund bak Svein Olav. I enkeltløypene vart det seier til Jakob Vintertun på 250 meter, Bernt Jarle Storhaug på 750 meter og Svein Olav Nesheim på 1500 meter.
For komplett resultatliste - se Resultatbørsen

Oddaranking på Fodnastøl
Fjorårsvinnarane Amanda Forstrøm og Eivind Tokheim gjekk til topps i det andre Oddarankingløpet i orientering som vart arrangert på Fodnastøl. I dameklassen dominerte ungdomsløparane med Sara Tokheim og Stine Bjørkevoll på dei to neste plassane.
I herreklassen var det tett i teten med under 1 minutt bak til Svein Olav Nesheim, medan vinnaren i første løp Erlend Nesheim vart nr 3.
I C-løypa var Ottar Eide og Per Magne Eikeland raskast i herreklassen, medan Ingebjørg M Brekke var raskaste jente. I nybyrjarløypa var Øystein Halldorsson den raskaste. Total stilte 57 løparar til start i det flotte terrenget på Fodnastøl.
For komplett resultatliste - se Resultatbørsen!

Erlend Nesheim vann Sprint-cup
15 år gamle Erlend Nesheim sikra seg samanlagtseiren etter 3 dagar med sprint-orientering på Eide/Eidesdalen/Hovden. Han hadde hardast konkurranse frå faren Svein Olav Nesheim, som berre var 23 sekund bak totalt. Han var igjen 50 sekund foran Bjørn Finne. Nina Iren Nesheim gjorde familietriumfen komplett, og vann dameklassen nesten 4 minutt foran Amanda Forstrøm. Sara Tokheim fekk 3.plass i dameklassen. I dei yngre klassane imponerte 12 år gamle Adrian Buer med ei god tid (han sprang same løypene som dei vaksne). Samalagtresultatet er også det første løpet i Oddarankinga. Totalt 57 løparar stilte opp i minst eitt av dei tre sprintløpa.
For komplett resultatliste - se Resultatbørsen! 
 
Image of 663843